Kontakt oss

Hei! Har du lyst til å jobba med oss?

Bjørnar Tollaksen er dagleg leiar (og utviklar) og kan svara på det meste:
bjornar@grensesnitt.no
911 00 918

Treng du hjelp?
Er du allereie kunde hos oss kan du kontakta oss på support@grensesnitt.no og du får hjelp hos fleire av våre gode utviklarar.

Besøk oss
Du finn oss i Jernbanegata 5, 3. etg., 4340 Bryne – rett ved Bryne Stasjon og torget.

Følg oss og sjå kva me held på med på Facebook, Instagram og LinkedIn.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt om du vil ha digitalt påfyll cirka ein gong i kvartalet.

Me er Grensesnitt. Me vert glade av å hjelpa deg med å få ein enklare og meir effektiv kvardag

Grensesnitt vart starta av Bjørnar i 2018. Han hadde eit ønske om å hjelpa folk å laga bra digitale løysningar, og det har han fått med seg nokon fleire til å gjera.

  • Bjørnar

    Bjørnar Tollaksen

    Dagleg leiar

    bjornar@grensesnitt.no 911 00 918

    Bjørnar har jobba med nettsider og webapplikasjonar sidan han var ungdom. Etter nokre år i vanleg jobb, starta han Grensesnitt i 2018, og no leiar han selskapet med stødig hand. I tillegg til dei vanlege oppgåvene som dagleg leiar, så elskar Bjørnar framleis når han får skriva kode – helst kvar veke! Med den lange erfaringa og innsikt frå eit uttal prosjekt, er det kloke hovudet hans med på å strukturera og forma prosjekta slik at me lagar digitale løysingar av høgaste kvalitet.

    Kjernekompetanse

    • WordPress-nettsider
    • Webapplikasjonar
    • Frontend-utvikling
    • Mobilapp-utvikling

    Teknologiar

    • WordPress
    • HTML/CSS/JavaScript
    • React
    • Angular
    • Node.js
    • SQL (MySQL, MSSQL, Oracle)
    • Swift/ Objective-C/ iOS
    • Java/Android
  • Marek

    Marek Ziolkowski

    Operativ leiar

    marek@grensesnitt.no +47 905 55 705

    Marek jobbar med den daglege drifta i Grensesnitt, og sørgar for at alle trivst best mogleg hos oss. Med eit auge for detaljar og ei genuin interesse for å levera den beste prosjekt- og brukaropplevinga, bidrar Marek til at Grensesnitt leverar høg kvalitet i alle ledd. Han bidrar med struktur i prosjekta og sørgar for at både prosjektteamet og kunden har det dei treng. Marek har ei utdanning innan økonomi, men har jobba med IT-faget sidan 2005.

    Kjernekompetanse

    • Teamledelse & HR
    • Prosjektledelse
    • Smidig/agil utvikling
    • Azure Devops
    • Fotografi og visuell kommunikasjon

    Teknologiar

    • WordPress
    • HTML
    • Adobe-pakken
  • Vegard

    Vegard Hanssen

    Utviklar

    vegard@grensesnitt.no

    Vegard Hanssen har jobba med både utvikling og drift i over 25 år. I Grensesnitt var han tilsett nummer to, og bidrar med alt det teknisk komplekse i prosjekta våre. Han er Mensa-medlem og tar utfordrande algoritmeoppgåver på strak arm. Han er over snittet interessert i fotografi, og målretta som han er brukte han kun eit par år på å bli ein av Noregs beste naturfotografar. Av andre interessante fakta om Vegard, så har han gitt ut over 40 bøker om sudoku gjennom Cappelen Damm.

    Kjernekompetanse

    • Webapplikasjonar
    • Backend-utvikling
    • Algoritmar
    • Database
    • Mobilapp-utvikling

    Teknologiar

    • React
    • Angular
    • Node.js
    • SQL (MySQL, MSSQL, Oracle)
    • Swift/iOS
    • Java/Android
  • Martha

    Martha Lyngnes

    Designar

    martha@grensesnitt.no 97 64 62 89

    Martha er utdanna industridesignar frå NTNU, og brukar alltid designmetodikken til å setja seg inn i nye bransjar og løysa komplekse utfordringar. Ho er særs oppteken av å laga godt designa løysingar som er enkle og effektive å bruka. Basert på forståinga av utfordringa, kombinerar og balanserar ho forretningsmål og brukaroppgåver og drar dette over i konkrete skisser og digitale prototypar. Med over 20 års erfaring med digitalt design veit ho mykje om kva som fungerar – og like viktig; kva som ikkje fungerar – i digitale løysningar.

    Kjernekompetanse

    • Fasilitering av arbeidsmøte
    • Brukarundersøkingar (intervju, observasjon i felt, brukarreiser)
    • Designsprintar (Google Design Sprint)
    • Konseptutvikling
    • Prototyping og designskisser
    • Brukartesting

    Teknologiar

    • Adobe-pakka
    • Figma, Sketch og andre prototypingsverktøy
    • HTML/CSS
  • Bjørn

    Bjørn Varga Salte

    Utviklar & designar

    bjorn@grensesnitt.no

    Bjørn har over 10 års erfaring med både digitalt design og utvikling. Som kodande designar er vegen kort mellom ein god visuell idè til ferdig løysning. Han har eit særskilt godt auga for fontar og er den kollegaene spør om tips til skrifttypar. Med bakgrunn frå reklamebyrå har han tidlegare laga kunstinstallasjonar, portalsider, kampanjesider, spel og quiz-ar for kundar og designarar med stormannsgalskap. Bjørn trivst best når han får jobba med sprø idear og kundar som forstår verdien av godt design.

    Kjernekompetanse

    • Digital design
    • WordPress-nettsider
    • Craft-nettsider
    • Frontend-utvikling
    • Sprø idear
    • Konseptutvikling
    • Prototyping

    Teknologiar

    • Adobe-pakka
    • WordPress
    • Craft CMS
    • Javascript
    • Figma
  • Hege

    Hege Nielsen

    Utviklar

    hege@grensesnitt.no

    Hege er utdanna dataingeniør frå UiS. Ho er veldig interessert i webteknologiar og i prosjekta bidrar ho med struktur, konsistente løysningar og alltid ypparste kodekvalitet. Hege jobbar både med nettsider i WordPress og meir komplekse webapplikasjonar – felles for dei begge er at hovudmålet hennar alltid er fornøgde kundar og brukarar.

    Kjernekompetanse

    • Webapplikasjonar
    • Frontend-utvikling

    Teknologiar

    • WordPress
    • HTML/CSS
    • React
    • JavaScript
    • Adobe-pakken
  • Lukas

    Lukas Strociak

    Utviklar av digitale produkt

    lukas@grensesnitt.no

    Lukas er sjølvlært kodar og har tidlegare jobba innanfor filmbransjen og med foto-retusjering. Dette har gitt han eit skarpt blikk for visuelle detaljar, som han brukar for å lage elegante, digitale løysingar for våre kvalitetsmedvitne kundar. Han har alltid eit godt bilete av heilheiten og kva som er det overordna målet med det digitale produktet me lagar. Med Lukas på prosjektet får du alltid eit godt gjennomtenkt produkt som løyser det problemet det skal løysa, og på den beste måten.

    Kjernekompetanse

    • Frontend-utvikling
    • Webapplikasjonar

    Teknologiar

    • React
    • JavaScript
    • TypeScript
    • HTML/CSS
  • Bilde av Runar

    Runar Serigstad

    Utviklar

    runar@grensesnitt.no

    Runar har ein bachelor i datateknologi fra UiB. Tidlegare har han jobba 3 år som utviklar for fintech-selskapet Stacc i Bergen, og før det 2 år med transportplanleggingssystemet til Zendera i Oslo. Så komplekse databasestrukturar, sikkerheit og oppsett av utviklingsmiljø har han stålkontroll på. Runar trivst best i backendkoden og likar gode teknologiske utfordringar.

    Kjernekompetanse

    • Webapplikasjonar
    • Skytenester
    • Backend-utvikling
    • Databasar
    • Business Process Modeling (BPM)

    Teknologiar

    • Kubernetes
    • Node.js
    • Go
    • SQL
    • React
    • Java
  • Bilde av Henning

    Henning Berge

    Utviklar

    henning@grensesnitt.no

    Henning har ein bachelor i informasjon- og kommunikasjonsteknologi frå UiB. Gjennom heile utdanninga har han arbeida 2 år hos Zendera som frontendutviklar, og 2 år hos Styreportalen som fullstackutviklar. Henning set pris på nye utfordringar og likar å prøva ut ferske teknologiar for å løysa dei. Og Henning – han er alltid parat til fiksa ting!

    Kjernekompetanse

    • Webutvikling (React)
    • Mobilutvikling (React Native)
    • Firebase

    Teknologiar

    • React
    • React Native
    • Typescript
    • Rust
    • Jenkins
  • Sindre Åtland

    Sindre Åtland

    Utviklar & designar

    sindre@grensesnitt.no

    Sindre trivst med alt som utfordrar og vert trigga av kreative prosjekt. Han jobbar både med WordPress og med komplekse webapplikasjonar – og er det noko han ikkje kan, så er han lynrask til å læra seg nye ting. Med eit over gjennomsnittleg energinivå rekk han både å gjera det han skal på jobben, samtidig som han underheld kollegaene sine med mini-sekkepipe, blåsepiano og ein groove-box sampla med kontorets lydar.

    Kjernekompetanse

    • Frontend-utvikling
    • Digital design
    • Kaffikoking og trivselsansvarleg

    Teknologiar

    • Adobe-pakka
    • WordPress
    • Webflow
    • Javascript
    • Figma
  • Anders Hjellvik

    Anders Hjellvik

    Utviklar

    anders@grensesnitt.no

    Anders har ein mastergrad i datateknikk frå NTNU. Før han starta hos oss i 2026 har han opparbeida seg 14 års erfaring som fullstack-utviklar i Catenda AS, der han jobba med å utvikla ei samhandlingsteneste for byggebransjen. All erfaringa gjer at han ikkje bare lagar ting som fungerar godt for vanleg bruk, men han sjekkar og handterar óg alle unntakstilfella på ein god måte. Han er oppteken av å utvikla intuitive og brukarvenlege løysningar.

    Kjernekompetanse

    • Webapplikasjonar
    • Backend-utvikling
    • Frontend-utvikling

    Teknologiar

    • Typescript
    • React
    • Java
    • MySQL
    • MongoDB

Lyst til å bli ein del av Grensesnitt?

Me er alltid interessert i å treffa kjekke og flinke folk, så ta gjerne kontakt med oss på bjornar@grensesnitt.no om du vil ta ein kaffi og ein prat.

Nokre av prosjekta våre

  • Illustrasjon av at du kan lesa, skriva, sjå over og læra i AiLit
  • Easee laderobot