Digitalt påfyll med Knit & Note

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting

Anne Emilie Fosse er gründer og dagleg leiar i Knit & Note. Som ein livslang og dedikert strikkar, såg ho behovet for ein app som kunne forenkla strikkekvardagen.

Appen Knit & Note har i dag 200 000 brukarar frå 150 land. Anne Emilie vil dela nokre av sine erfaringar med å gå frå ein god idè til ein ferdig app, og korleis dei kontinuerleg jobbar med justeringar og vidareutvikling av appen.

Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!

Praktisk info

Tid: torsdag 13. mars 2025, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Illustrasjon av kaffikopp