Frukosttreff for alle som lagar, eller treng, digitale ting
Mot slutten av 2022 bytta Jæren Sparebank ut heile kjernesystemet sitt. Denne endringa påverka alt knytta til den daglege drifta, både for tilsette og vanlege bankkundar.
Onsdag 19. april kjem Oddgeir Teigen, sjef for teknologi og forretningsutvikling i Jæren Sparebank, til Rits for å dela korleis dei gjekk fram og kva dei lærte undervegs.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Praktisk info
Tid: onsdag 19. april 2023, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar
Program
08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb
Slik kjem du deg til Rits
Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.
Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.
